Stagflasjon er ein situasjon der det på same tid er arbeidsløyse, stagnasjon i produksjonsveksten og stigning i prisnivået (inflasjon). Omgrepet høyrer til faget samfunnsøkonomi.

Faktaboks

Uttale
stagflasjˈon
Etymologi
nydanna, av stagnasjon og inflasjon

Klassisk makroøkonomisk teori har gått ut frå at ein ville få anten stagnasjon eller inflasjon. Stagnasjon og arbeidsløyse ville inntreffe når den samla etterspurnaden etter varer og tenester var for låg, medan inflasjon ville inntreffe når etterspurnaden var for høg.

Det har likevel vist seg at prisnivået i det moderne samfunnet kan stige sjølv ved ei sterk avgrensing av den samla etterspurnaden. Fenomenet vart særleg tydeleg i byrjinga av 1970-åra, då ordet vart skapt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg