Skeivdeling er unntak frå reglane om deling av formue når eit ekteskap blir oppløyst.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål skjevdeling

Utgangspunktet er at nettoformuen til ektefellane skal delast likt dersom dei har felleseige, men reglane om skeivdeling opnar for at verdiar som ein kan føre tilbake til midlar ektefellane hadde ved inngåinga av ekteskapet eller seinare har fått i arv eller gåve, kan bli haldne utanfor delingsgrunnlaget. Den av ektefellane som ønskjer skeivdeling, må setje fram krav om dette.

Dersom retten til skeivdeling fører til eit klart urimeleg resultat med omsyn til mellom anna lengda på ekteskapet og innsatsen til ektefellane, kan han heilt eller delvis falle vekk. Ektefellane kan ved ektepakt avgjere at reglane ikkje skal bli brukte, anten for formuen til den eine, delar av han eller formuen til begge.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg