Purregebyr blir tillagt eit krav som er forfalle til betaling. Purregebyret ved første og andre varsling kan vere på maksimalt 1/10 av inkassosatsen. Inkassosatsen blir fastsett kvart år i forskrift til inkassolova.

Purregebyr kan leggjast til dersom følgjande kriterium er oppfylte:

  1. Opphavleg krav (faktura) må innehalde opplysningar om at det vil bli tillagt purregebyr ved purring, storleiken på purregebyret må stå på fakturaen.
  2. Ei purring med purregebyr må innehalde dei same opplysningane som det opphavlege kravet.
  3. Det må ha gått minst 14 dagar etter forfall, for opphavleg krav eller siste purring, før purring med purregebyr kan utskrivast. Likevel kan ein sende purring med renter og utan purregebyr straks etter forfall.
  4. Ei purring med purregebyr må ha minimum 14 dagars forfall.

Nokre offentlege etatar (t.d. Lånekassen og NAV) kan krevje ein høgare sats. Desse satsane er då bestemt i eigne forskrifter. Dei blir då gjerne kalla tilleggsavgift.

Næringsdrivande er ikkje pålagt å krevje purregebyr.

Etter siste purring med purregebyr kan ein få inkasso.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg