Proposisjon er forslag til vedtak av Stortinget som regjeringa (Kongen i statsråd) legg fram for Stortinget.

Faktaboks

Uttale
proposisjˈon
Etymologi
av latin propositio, ‘forslag’

Vi skil mellom lovvedtak og stortingsvedtak.

  • Proposisjon til Stortinget (lovvedtak), forkorta Prop. L, inneheld forslag til lovvedtak.

Døme: Prop. 130 L (2018–2019) – Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven)

  • Proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak), forkorta Prop. S, inneheld alle andre forslag.

Døme: Prop. 121 S (2018–2019) – Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024)

Behandlingsmåte

Føresegner om behandlingsmåten for kongelege proposisjonar og meldingar står i Stortingets forretningsorden.

Proposisjon og melding

Ulikt frå proposisjon er melding til Stortinget (meld. St.), tidlegare kalla stortingsmelding, der regjeringa berre gir ei forklaring eller underretning.

Historikk

Stortinget var fram til hausten 2009 delt i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget. Lovvedtak blei trefte først i Odelstinget og deretter i Lagtinget, medan andre vedtak, til dømes om statsbudsjettet, blei trefte av det samla Stortinget.

  • Forslaga til lovvedtak blei kalla odelstingsproposisjonar (Ot.prp.)
  • Andre forslag til vedtak blei kalla stortingsproposisjonar (St.prp.)

Etter stortingsvalet i 2009 blei delinga av Stortinget i odelsting og lagting oppheva, og alle proposisjonar blir no behandla samla av Stortinget.

Det som tidlegare blei kalla odelstingsproposisjon, blir no kalla proposisjon til Stortinget (lovvedtak) (Prop. L), medan dei tidlegare stortingsproposisjonane blir kalla proposisjon til Stortinget (stortingsvedtak) (Prop. S).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg