Lagtinget var den eine av dei to avdelingane i Stortinget mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem i motsetnad til dagens eittkammersystem. Lagtinget bestod av 1/4 av stortingsrepresentantane. Lagtinget heldt møta sine i ein eigen sal, lagtingssalen.

Funksjonar

Lovsaker blei behandla i Lagtinget etter at dei først hadde blitt vedtekne i Odelstinget. Dersom dei to tinga ikkje var samde, gjekk saka tilbake for ny behandling i Odelstinget etterfølgd av ny behandling i Lagtinget. Var dei to tinga framleis usamde, blei saka avgjord av Stortinget i plenum med to tredjedels fleirtal. Det var berre lovsaker som blei avgjorde på denne måten. Andre saker, som til dømes vedtak av statsbudsjettet, blei avgjorde i plenum.

Lagtinget hadde også som oppgåve å dømma i saker for riksretten saman med Høgsterett.

Bakgrunn

riksforsamlinga i 1814 var det usemje blant representantane om Stortinget skulle delast i to avdelingar eller ikkje. Tilhengjarane, med Christian Magnus Falsen i spissen, meinte ei deling ville sikra grundig vurdering av lovene og motverka særinteresser og radikalisme. Motstandarane meinte at eit særskilt andrekammer, som senatet i USA eller House of Lords i Storbritannia, ikkje var nødvendig eller passa i eit egalitært samfunn som det norske. Resultatet blei eit kompromiss, som i praksis var eit eittkammersystem forkledd som tokammersystem. Stortinget blei formelt delt i to avdelingar, men desse blei ikkje valde i ulike val eller frå ulike samfunnsgrupper slik som i USA og Storbritannia. Lagtinget blei dimed ikkje den modererande eliteforsamlinga som tilhengjarane såg føre seg. Dessutan blei det bestemt at ved usemje mellom Odelstinget og Lagtinget skulle Stortinget i plenum vedta lovforslaget med 2/3 fleirtal. Sidan Odelstinget utgjorde 3/4 av stortingsrepresentantane, kunne eit stort fleirtal på Odelstinget i teorien overstyra Lagtinget.

Oppheva i 2009

Samansetninga av og dei avgrensa fullmaktene til Lagtinget gjorde at Odelstinget blei den sentrale politiske arenaen. Etter at Noreg på slutten av 1800-talet fekk eit system med parlamentarisme og politiske parti, blei det dessutan vanleg å gi Odelstinget og Lagtinget den same forholdsmessige partisamansetninga som Stortinget. Etter dette skjedde det i praksis ytst sjeldan at dei to tinga var usamde. Delinga i Odelsting og Lagting blei difor overflødig. Erkjenninga av dette førte til eit grunnlovsvedtak 20. februar 2007 om å avskaffa begge tinga og la all lover bli vedtekne av Stortinget i plenum. Den gamle ordninga blei likevel behalden ut den stortingsperioden ein då var inne i, slik at endringa tredde i kraft 1. oktober 2009.

Lagtingspresidentar 1945–2009

Namn Byrja Slutta Parti
Jakob A. Lothe 1945 1950 Venstre
Jakob A. Lothe 1950 1954 Venstre
Bent Røiseland 1954 1958 Venstre
Bent Røiseland 1958 1959 Venstre
Alv Kjøs 1959 1960 Høgre
Bent Røiseland 1960 1961 Venstre
Nils Hønsvald 1961 1965 Arbeidarpartiet
Bent Røiseland 1965 1969 Venstre
Lars Korvald 1969 1972 Kristeleg Folkeparti
Egil Aarvik 1972 1973 Kristeleg Folkeparti
Torild Skard 1973 1977 Sosialistisk Valgforbund
Margit Tøsdal 1977 1981 Arbeidarpartiet
Thor Knudsen 1981 1985 Høgre
Thor Knudsen 1985 1989 Høgre
Hans Johan Røsjorde 1989 1993 Framstegspartiet
Jan P. Syse 1993 1997 Høgre
Odd Holten 1997 2001 Kristeleg Folkeparti
Lodve Solholm 2001 2005 Framstegspartiet
Inge Lønning 2005 2009 Høgre

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg